Første gjekk me frå Mannsverk til ein sete som vart kalla Furusete, der var det veldig fint! Der var det ei teltgruppe som hadde leia oss til. Der fekk me ein god matpause, med påfylling i flasker frå bekken og energi med å spise. Deretter gjekk turen vidare på ein sti heilt opp til Fjærlandssete. I frå Furusete til Fjærlandssete var det ei ny gruppe som skulle finne vegen og komme fram til "målet". Turen fram varte til saman på omlag 3 timar inkl. ein time med pause. Klassen hadde eit bra tempo, noko som gjor til at me kom fram enda litt før enn planlagd.
Når me kom fram til Fjærlandssete var det ei ny gruppe som hadde ansvaret for å finne den perfekte plassen til å slå til ro. Det tok tid, men etter mykje att og fram fant dei til slutt ein fin plass like ved vatnet. Gruppene samla seg, og slo opp telta i lag. Dette var ikkje like utfordrane som me hadde forventa oss, så det gjekk fint og fort. Etter at telta og alt var på plass fekk me fritid, noko som vart nytta til bærplukking, fisking, jentesnakking og avslapping. Dette var deilig etter ein lang tur! Blåbæra der var virkelig heilt fantastiske! Til middagen hadde gruppa mi bestemt oss for å lage tomatsuppe med makaroni, noko som var enkelt og greitt. Etter middagen var det tid for ein aktivitet som lærarane hadde funne på, og det var å navigere rundt på Fjærlandsete med kart og kompass å komme fram til ein eksakt plass. På plassen skulle du finne ein spesiell ting, slik du var sikker på at du var komen til riktig plass. Deretter var det fritid igjen, der dei fleste samla opp kvistar og kubbar til bål og kos. Dei fleste koste seg med noko godt i koppen, og ein eller to sjokoladar.
Beate på Furusete.
Starten på kvelden, med bål.
Begynnelsen på turen dag 2.
Sander.
Marianne og Beate.
Pannekaker.
Fantastisk gode blåbær.
Fjærlandssete.
Glad gjeng, klar for tur!
Fin solnedgang.
Etter vi hadde hatt ein liten matpause på Fagereggi var det siste gruppa sin tid til å navigere, som leidde oss fint heilt ned til Kollsete og deretter ned til bussplassen kor me skulle ta bussen heim igjen til Sogndal.
Her var vår rute (den blå streken)
Det eg er fornøgd med er at eg hadde med meg nok mat til å holde meg mett heile tida. Det var og enkelt å lage maten eg hadde med meg. Det var berre å varme opp litt vatn på stormkjøkkenet, så hadde eg enten ei god skål med tomatsuppe med makaroni eller gode nudlar. I tillegg hadde eg med meg noko søtt som var godt av og til.
Det er ville gjort annarledes hadde våre å tatt med meg ein litt tjukk og stor ullgensar, i tillegg til den inntilsittande ullgensaren eg hadde med meg. Eg ville og ha tatt med meg eit litt lettare skopar, sidan skoa eg gjekk med vart tunge for å berre gå rundt med på leirplassen.
Det er lærte på turen var sjølvsagt det å klare å lese kart, og bruke kompass på ein riktig måte. Eg lærte nye ting, som f.eks. hjelpelinjer og holdepunkter. Dette er noko me treng å kunne no når me skal på ein del turar framover i år.
Alt i alt var dette ein kjempekjekk tur, og det er berre å telje ned til neste tur!
Beate!
Daniel og Vegard.
- Blikra














Kjempefin blogg! Mange fine bilder, såg ut som ein kjekk tur :-)
SvarSlettVeldig bra skrive og kjempefine bilder! :-D
SvarSlettMange og fine bilder, og ryddig og fin blogg! <3
SvarSlett